Det er med kreative kommunikatører som det er med KI. Jo meir presist du promptar oss, dess betre blir resultatet.
Prompting er blitt ein del av daglegtalen, og det å stadig forklare kunstig intelligens kva vi ønsker hjelp til, ein del av kvardagen.
Men allereie ved første prompt lærer du noko viktig: Du må vere nøye med korleis du ordlegg deg, ellers er det lett å bli skuffa. KI kjem ikkje langt med halvtenkte formuleringar og med forventning om at den intuitivt skal forstå nøyaktig kva du tenker og ønsker. Jo betre du treff med prompten, dess betre blir resultatet.
Je suis KI
«Endeleg!» jublar alle som jobbar med kreativ kommunikasjon. Endeleg har kundane skjønt det vi alltid har prøvd å få dei til å forstå: Ein presis brief mangedoblar sjansen for at du blir nøgd med resultatet. Det måtte berre ny, verdsomkalfatrande teknologi til for at det skulle gå inn.
For framveksten av KI-prompting har potensialet til å gjere folk, ikkje minst kundar av kommunikasjon og reklame, til betre bestillarar. Dei blir meir bevisste på kva dei skal be om, og kva dei faktisk må ta med i briefen, for å oppnå det dei ynskjer.
Det du ikkje seier, det veit eg ikkje
Eg, som mange kreative kommunikatører, opplever at de som bestiller ofte tek mykje for gitt når dei briefar, og at mange forventar at vi intuitivt og mellom linjene skal forstå nøyaktig kva dei ønsker seg. Ein tenker at mykje burde vere sjølvsagt og unødvendig å nevne til ein fagperson som «bør kunne alt» om kommunikasjonsfaget. Vi burde skjøne kva du snakkar om utan at du treng å overforklare. Dei færraste har den same forventninga til KI. Ikkje enno, i alle fall.
På vegne av alle som jobbar med kommunikasjon og kreativitet må eg berre beklage; det er dessverre ikkje så enkelt. I vårt fag finst det ingen fasitløysingar. Og vi tek, som deg, alltid med oss eigne referansar, preferansar og assosiasjonar inn i oppgåver som gir rom for kreativitet og subjektiv tolkning. Visuell kommunikasjon er svært sårbar for smak og behag, fordi den ofte spelar på eit stort sanseregister, inkludert det emosjonelle. Men nettopp derfor må ein tilnærma seg det på ein profesjonell måte, på begge sider av bordet.
Derfor er det to ting du bør ta høgde for når du promptar Kreative Intelligensar som oss:
1. Alt du ikkje seier, blir sannsynlegvis ikkje tatt omsyn til. Vi er ikkje tankelesarar, og kreativ visuell kommunikasjon er svært sårbar for subjektive preferansar. Så om du tek snarvegar med briefen, utelet viktig informasjon eller tar ting for gitt, aukar sjansane for å bli skuffa over resultatet.
2. Den du briefar ser sannsynlegvis ikkje for seg same løysning som du ser. Ver open for overraskingar, for ofte er den beste løysinga ikkje den du såg for deg på førehand. Når du har gitt frå deg ei kreativ oppgåve, må du gå inn i prosessen med eit ope sinn og tole at subjektive preferansar og personleg smak kjem i andre rekke. Så framt du er einig i argumentasjonen for vala som er tatt, får det heller vere om du personleg skulle ønske at grønnfargen på dekorelementet var blå. Det krev tillit til den du har gitt oppgåva til og openheit for dei faglege råda og anbefalingane som blir presentert. På same måte som du stoler på råd frå ein vilken som helst annan handverkar eller fagperson.
Gjør som eg følar, ikkje som eg tenkjer
Så kvifor skal du i det heile tatt nytte deg av levande kreative når KI kan gjere jobben til ein brøkdel av prisen, om ikkje gratis?
Du treng ikkje nødvendigvis vere menneske for å tenkje som eit menneske, men du må vere menneske for å føle som eit menneske. Vi er styrte av kjenslene våre, kanskje i større grad enn vi likar å tru. God kommunikasjon handlar alltid om å vekke kjensler, i ein eller annan grad. Og det er noko KI ikkje kan lære. For den har hjerne, men ikkje hjarte. Derfor er du nok støkk med oss levande kreative i overskodeleg framtid.
Men ver så snill, fortsett å bruk KI. Og ta med deg det du lærar om prompting når du skal snakke med oss menneskelege kreatørar og kommunikatørar om kreativ kommunikasjon.
Behandle meg som ei maskin, kjære!
